Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Jente i klasserom

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygg?

Påbygg er studiet for deg som har valt eit yrkesfagleg opplæringsløp, og som ønskjer å halde fram med studium på universitets- eller høgskulenivå. Fullført vg3 påbygg gjev generell studiekompetanse.
Påbygging er for deg som er motivert for eit år til på skulebenken.

Les meir om påbygg

Kven kan søkje?

Du må ha fullført eit av desse alternativa:

  • Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram.
  • Vg1 studieførebuande og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram.
  • Yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. 

Du har desse vala som programfag:

  • Sosiologi og sosialantropologi eller Sosialkunnskap
  • Engelsk 1
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 eller 2

Du treng berre eitt programfag på påbygg.

Utanom programfaget har du fellesfaga norsk, historie, naturfag, matematikk 2P-Y og kroppsøving.

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.  Har du ikkje bestemt deg, kan du får gode tips på utdanning.no.