Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kva kan du bli?
Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller tannhelsesekretær. Dei ulike fagvala på helse- og oppvekstfag finn du på vilbli.no
Sjå video frå helse- og oppvekstfag ved KVV:
Vi tilbyr:
- Vg1 helse- og oppvekstfag
- Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
- Vg2 helsearbeidarfag
I Kvinnherad har vi eit godt samarbeid med offentlege og private institusjonar. Alle våre elevar får prøve seg i praksis, til dømes i barnehage, skule, helseinstitusjon og andre liknande tilbod.