Ved Kvinnherad vidaregåande skule arbeider vi med karriererettleiing i eit livslangt perspektiv. Karrierelæring hos oss tek utgangspunkt i dei nasjonale karriereknappane.
Målet er at du som elev skal utvikle god karrierekompetanse: ein kompetanse som set deg i stand til å handtere din karriere, også i forandringar og overgangar. Livsmestring, valkompetanse, medverknad og kritisk tenking er viktige tema.
Gjennom skuleåret møter elevane karriererlæring og karriererettleiing på ulike måtar. Ei oversikt over alle aktivitetane finn du i årshjulet og elevkalenderen på Outlook. Alle elevar ved skulen har og tilgong til Teams som digital kommunikasjonsplattform. I teamet KVI-elevar finn dei informasjon om utdanning, yrke og karrieremoglegheitar. Her vert det lagt ut informasjon gjennom heile skuleåret.
Nyttige lenker
![]() |
Viktige fristar
- Frist for å søke skuleplass i Vigo – 1.mars 2027
- Frist for å søke høgare utdanning i Samordnaopptak – 15.april 2027
Ta kontakt
Du kan treffe rådgjevarane kvar dag. Viss du vil avtale tid for ein samtale, send ei melding på e-post eller Teams.
KVV
Heidi er rådgjevar for elevane på studieførebuande og yrkesfag.
Du treff ho på kontoret for elevtenester, utanfor biblioteket på KVV.
Heidi Sjursen Vimme
Rådgjevar
Avdeling Valekrossen
Julie er rådgjevar for elevane på avdeling Valekrossen.
Du treff ho på Valekrossen.
Julie Holmedal Askeland
Rådgjevar
