Sikkerheit og beredskap

Vestland fylke har gode system for tryggleik og beredskap. I det interne Kvalitetssystemet finst beredskapsplanar og rutinar for ulike typar kriser som måtte oppstå og føringar for t.d. datatryggleik, personvern o.a. Kvinnherad vgs har og sin eigen lokale kriseberedskapsplan og tiltakskort for korleis vi skal handtere ulike hendingar.

Kvinnherad vgs har eit godt samarbeid med politi, helsevesen og brannvern, og med jamne mellomrom har vi øvingar, møte eller kurs om tema knytt til tryggleik og beredskap.