Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

Elektrikker montering

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje elektrofag?

Vi treng kvalifiserte fagfolk som installerer og held ved like elektroniske system. 

Vi treng system som leverer elektrisk energi til maskinar og kommunikasjonsmiddel som vert brukte både heime og på jobb. Først når det ikkje fungerer, merkar vi kor hjelpelause og avhengige vi er av elektriske system. Industriproduksjonen vert ståande stille, transportvesenet sviktar og samfunnet stoppar meir eller mindre opp.

Samfunnet treng deg som vel elektro og datateknologi.

Sjå videå frå elektro og datateknologi ved KVV:

Vi tilbyr:

  • Vg1 elektro og datateknologi
  • Vg2 el-energi

Elektrofag er utgangspunkt for ein spanande og allsidig yrkeskarriere.

På elektrofag må du kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkjemåte og kreativitet er også viktig.

Fleire val finn du på vilbli.no

Vg1 elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi er utdanningsprogrammet for deg som tenkjer å arbeide innanfor elektrisitetsforsyning, installasjon, automatisering, eller data- og elektronikkbransjen. Det vert kravd av deg at du er nøyaktig, sikker og systematisk. Du bør også ha ei viss evne til å tenkje logisk, og vere praktisk anlagt.

På KVV får du både praktisk og teoretisk undervisning.

Innanfor den teoretiske delen er matematikk eit viktig støttefag. Praktisk prosjektarbeid er ei sentral undervisningsform, og den praktiske undervisninga vert gjennomført i eigne elektroverkstader.

Du lærer grunnleggjande bruk av verktøy og instrument, og å tolke teikningar, instruksjonar og reglar. 

Vg1 elektrofag har to felles programfag:
  • Elektroniske kretsar og nettverk.
  • Energi- og styresystem.

I tillegg har vi faget yrkesfagleg fordjuping (YFF), der vi arbeider med tema som er relevante for våre programområde.

Vg2 el-energi

Med fullført vg2 el-energi kan du velje mellom åtte ulike fagbrev – alt frå elektrikar til heismontør.

Undervisninga er lagt opp kring praktisk arbeid, på same måte som på vg1, men på vg2 monterer vi meir samansette anlegg og skaffar oss utfyllande kunnskapar om desse.

Eksamen frå vg2 gjev deg høve til å søkje læreplass i ei bedrift slik at du kan ta fagbrev. Vegen mot fagbrev etter vg2 tek vanligvis 2,5 år.

Vegen vidare

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling. Læreplass søker du på vigo.no