Kantina

Hovudbilete.jpg

Kantina finn du i hovudbygget. Her kan du kjøpe både varm og kald mat, og det er godt med plass til å sitte. Vi har gratis skulefrukost og til lunsj kan du kjøpe det du ønskjer.

Kantine 3.jpg

I kantina får du servert kaldrettar, påsmurt og varmrettar av det blide kantinepersonalet. Dei kan blant anna friste med Taco-tysdag, pizza, lasagne, lefserullar m.m.

Det er eit rikt utval av ulike drikker, frukt, eigen salatbar og snacks.
Det er eigen vannfyllingsstasjon og kaffiautomat.

I kantina er det god plass i trivelege og lyse lokale til å nyte eit deilig måltid.

Skulefrukost

Skulen tilbyr gratis skulefrukost kvar dag mellom kl 07.40-08.00

Lunsj

Kantina er open for lunsjservering kvar dag mellom kl 10.30-12.30

Rydding

Alle ryddar etter seg og sorterer avfall, så vert kantina ein triveleg stad å vere.