Hopp til hovedinnhold

Musikkrom

Musikkrom2022.jpg

Skuleåret 2021/22 har Kvinnherad vgs fått midlar til nytt musikkrom, som no er tilgjengeleg for utlån. Musikkrommet ligg i kjellaren ved styrkerommet (ned trappa, til høgre) og du henvender deg i administrasjonen for å få tilgang til rommet.

Dette er eit utmerka rom for deg som likar musikk og som vil «jamme» litt med kameratane, øve til konsert, skrive eigen musikk aleine eller med band, eller berre spele for deg sjølv i fred og ro. Musikkrommet har tre gitarar; to elektriske og ein akustisk, samt bass, trommer, el-piano og miksepult med fleire mikrofonar.

Det er òg mogleg å ta med eige utstyr, og du kan gjerne bruke forsterkarane som er der med gitarar du tar med. På lang sikt er det planlagd at musikkrommet skal utvidast og flyttast, då mellom anna med opptaksmoglegheit, slik at du kan gjere studioopptak dersom du vil det.

Meir informasjon

Om du vil ha meir informasjon eller vitje rommet, ta kontakt med administrasjonen for meir informasjon, eller snakk med Christian som har hovudansvar for rommet/utstyr.

Utlån

Berit / Britt i adm. vil låse opp rommet til deg/ dykk når de har signert, og låse det igjen når de signerer ut igjen. Bruk utstyret fint, følg reglane som heng oppslått i rommet, kos dykk og lag fin musikk!