Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Elev på byggfag

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Følg oss på >>image4v586.png

Kvifor velgje byggfag?

Likar du å skape noko med nevane dine? Likar du praktisk arbeid? Likar du å samarbeide med andre, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig? Då kan byggfag vere noko for deg!

Dei ulike fagvala på byggfagg finn du på vilbli.no

Sjå video frå bygg- og anleggsteknikk ved KVV:

Vi tilbyr:

  • Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  • Vg2 Tømrar

Mykje av opplæringa skjer gjennom praktisk arbeid utanfor skulen. Mellom anna får vg2-elevar tilbod om praksis i Spania delar av skuleåret.

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

Vg1 er felles for alle som tar bygg- og anleggsteknikk.

Du vil få mykje praksis og god kjennskap til mange ulike byggfag. Alle vel å fordjupe seg i eit fag og får prøve dette faget i ei bedrift/ praksis.

På bygg- og anleggsteknikk får alle elevar praktiske og varierte arbeidsoppgåver.

Organisering av opplæringa:

På vg1 bygg- og anleggsteknikk får du grunnleggjande opplæring og høve til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike modular. Ein stor del av opplæringa er praktisk retta. Det vil seie at du planlegg eit arbeid, produserer (utfører) det du har planlagt og dokumenterer det du har gjort.

Vg2 - tømrarfaget

I faget yrkesfagleg fordjuping vel du å fordjupe deg i eit av fagområda. Skulen har eit godt samarbeid med næringslivet. Delar av den praktiske undervisninga blir lagt til byggeplassar.

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar. Undervisninga vekslar mellom teori, praksis og bruk av IKT i undervisninga.

Delar av praksisen vert lagt til Spania. Der er vi fleire veker i vårsemesteret og lærer om spansk byggeskikk, m.a. murarbeid, som spanjolane har rike tradisjonar med. Skulen søkjer EU-midlar som gjer at vekene med arbeidspraksis i varmen kostar lite økonomisk for den enkelte.

Illustrassjonsbilde - kunst

Vegen vidare

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling.  Læreplass søker du på vigo.no