Hopp til hovedinnhold

Historie

Kvinnherad vidaregåande skule


I 1961 vart det etablert yrkesskule i Kvinnherad som eit interkommunalt tiltak. Skulen var lokalisert i Dimmelsvik og gav opplæring innan maskin- og mekanikarfag. Rubbestadnes yrkesskule hadde det administrative ansvaret for skulen fram til 01.01.1976. Hausten 1972 starta Os gymnas ein filial på Husnes. Filialen vart året etter til Kvinnherad gymnas. Yrkesskulen og Kvinnherad gymnas heldt til i leigde lokale fram til og med skuleåret 78/79. Hausten 79 stod den nye vidaregåande skulen klar på Husnes med plass til 320 elevar. Samla byggekostnad utanom tomt var på 21, 15 millionar kroner.

I oktober 2008 godkjende Hordaland fylkesting at det framlagde forprosjektet vart lagt til grunn for hovudprosjektet for utbygging og ombygging ved Kvinnherad vidaregåande skule. Anbodskonkurranse for byggearbeida vart gjennomført våren 2009 før grunnarbeidet starta 17. november same år.

Dei gamle skulelokala til Kvinnherad vidaregåande var teikna av arkitekt Erling Skorve. Eksisterande skule bestod av to bygg, teoribygget og verkstadbygget. Det nye tilbygget er gjort ved ei forlenging av verkstadbygget. Andre høgda i verkstadbygget vart bygd om, slik at bygget no har universell utforming og betre tilkomst for alle brukarane.

Alle bygga fekk vannbåren varme, med ein ”luft til vann” varmepumpe som energikjelde. I teoribygget vart det bygd nytt auditorium med plass til 130 personar. Alle rom i dei gamle skulebygga vart rehabilitert og modernisert slik at KVV stod fram som ein moderne og framtidsretta skule.

Teoribygget, også kalla hovudbygget, og verkstadbygget er tidsmessig uttrykk for syttitals-arkitekturen. Ombygging av bygga er gjort på ein slik måte at det opphavlege uttrykket er ivaretatt samstundes som bygga er tilført ny funksjonalitet. Skulebygga ligg vakkert til på oppsida av Opsangervatnet og med idrettsanlegg og fotballbanar som næraste nabo.

2. september 2010 var den offisielle opninga av det nye moderne skulebygget.