Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Elev som murer

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Tilrettelagt opplæring 

All vidaregåande opplæring skal tilpassast dei evner og føresetnadar den enkelte elev, lærling og lærekandidat har. Skulen skal nytta varierte arbeidsformer, læringsarenaer, vurderingsformer og  læringsaktivitetar, slik at alle får tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Ved KVV tilbyr me tilrettelagt opplæring. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. All undervisning er definert som spesialundervisning. 

Tilrettelagte grupper ved KVV er knytt opp til alle skulen sine utdanningsprogram. 

 

Arbeidstreningsklassen/HTA  

Ønsker du ei meir praktisk tilnærming til skulefaga? Då kan arbeidstreningsklassen vera noko for deg!  Som elev i arbeidstreningsklassen får du opplæring i ei lita gruppe, og opplæringa er definert som spesialundervisning ( jf. Oppll § 5-1). Opplæringa avviker frå ordinær opplæring og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Sluttkompetanse er grunnkompetanse, og eleven får eit kompetansebevis som dokumentasjon for opplæringa. 

Dersom du ønskjer å prøve deg ut i ordinær undervisning, og å få karakter i nokre fag kan me legge til rette for dette. Me har og erfaring med at nokre elevar, etter å ha fått opplæring i arbeidstreningsklassen, ønskjer å søke seg til dei ordinære programområda til skulen, eller gå ut i lærekandidatordninga. Det heiar me på!  

Målgruppe og målsetting med opplæringa:   

Spesialundervisning med opplæring i lita gruppe HTA (arbeidslivstrening). For nokre elevar vil det vere aktuelt å få opplæring med mål om kompetanse i å kunne meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift. Fylkeskommunen gjer avtalar med vekstbedriftene om utprøving. Den sakkunnige vurderinga frå fylkeskommunal PPT vil vere retningsgjevande for tilrettelegginga og for innhaldet i opplæringa. Det vil bli utarbeidd IOP for kvar elev. Ein kan søkje om inntak til dei utdanningsprogramma som skulen har.  

Vår målsetting med opplæringa: 

  • Ein spennande skuledag med mykje praktisk undervisning.  
  • Ein kvardag der du vil vere ein viktig del av det sosiale miljøet ved skulen. 
  • Tett oppfølging, der ein leitar etter dei sterke sidene og potensialet ditt. Dette ønskjer vi å bygge vidare på i den vidare opplæringa. 
  • Eit spennande læringsmiljø.
  • Som ein del av opplæringa i arbeidstreningsklassen kan du òg få prøve ut andre studieretningar ved skulen. 
  • Du får vera med å etablere og drive ei ungdomsbedrift. 

Opplæringa:

Det første året: 

Første året er arbeidstreninga knytt til praksis i skulen. Det kan vera kantinearbeid, på biblioteket eller vaktmeisterteneste. Samarbeidskompetanse vert vektlagt i dette arbeidet. Ein skal øve seg på å vere deltakar i eit arbeidsmiljø.  

Dei neste åra: 

I denne perioden legg ein vekt på den arbeidsmessige og faglege kompetansen like mykje som samarbeidskompetanse. Då vil ein ha praksis ein til to dagar i veka ute i ei bedrift.  

Målet med dette er å etablere tilknyting til arbeidslivet, slik at du vert klar til oppstart i eige arbeidsliv. Det er dine føresetnadar som legg føringar for om dette vert:  

  • ute i eit vanleg arbeidstilhøve 
  • Lærekandidatsordning (opplæring i bedrift)  
  • tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd med yting frå NAV 
  • i ei varig tilrettelagt bedrift 

Kvardagslivstrening/HTH:  

Målgruppe:  

Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov og med rett til omfattande spesialundervisning. Målgruppa er elevar som har behov for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod. Ein kan søkje om inntak til dei utdanningsprogramma som skulen har. 

Målsettinga med opplæringa:   

Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Opplæringa skal mellom anna kvalifisere for eit meir sjølvstendig liv. Den sakkunnige vurderinga frå fylkeskommunal PP-teneste vil vere retningsgjevande for tilrettelegginga og innhaldet i opplæringa. Opplæringa er tilpassa den einskilde eleven, og det vil bli utarbeidd IOP.  

Ved kvardagsliv får elevane meiningsfulle læringsoppgåver tilpassa eleven sine behov og interesser. 

Den enkelte elev skal:  

  • Få størst mogleg kompetanse til å spela hovudrolla i ein eigen kvardag, og til å ta sjølvstendige val i kvardagen.  
  • Bli bevisst eigne ressursar og moglegheiter.  
  • Vidareutvikla grunnleggande ferdigheitar.  
  • Førebu seg til vaksenlivet, eigen bustad, dagsenter og eventuelt arbeid i vekstbedrift.  
  • Utvikle medvit om kropp og seksualitet.  
  • Kunne setje grenser for seg sjølv. 
  • Vidareutvikla relasjonskompetanse, og utvikla vennskap til medelevar.  
  • Vidareutvikla sosial og kommunikative ferdigheiter.  
  • Stimulera kreativitet og nyfikenheit.  
  • Få forståing av, og medvit om sine eigne kjensler, t.d. sorg, sinne, glede, forelsking m.m. 

I opplæringa på kvardagsliv vert det lagt vekt på:  

  • Utgangspunktet for opplæringa skal vera eleven sine ressursar og vidare utvikling av desse.  
  • Deltaking og medverknad.  
  • Partnarskap og likeverd.  
  • Myndiggjering av eleven sine ynskjer, behov, interesser, meiningar og erfaringar.  
  • Den vaksne skal vera ein ressurs i eleven sitt arbeid med å finna eigne ressursar. 

Døme på tema og mål i opplæringa:  

  • Undervisning med fokus på samspel.  
  • Friluftsliv: mat på bål, fiske i sjø og vatn, naturløyper, sanse i naturen, båt, kano, naturekspedisjonar til fjells og til vanns, turar i tilpassa terreng. 
  • Musikkterapi. 
  • Estetisk aktivitet. 
  • Opent og utforskande læringsmiljø.
  • Deltaking i elevbedrift.  
  • Arbeidsutprøving.  
  • Deltaking i felles aktivitetar på og utanfor skulen. 
Søk utdanningsprogram