Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elevar i gruppearbeid

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering?

Studiespesialisering passar for deg som gjerne vil studere vidare på høgskule eller universitet. Du vil få trene deg på mange arbeidsmåtar, som diskusjonar, utforsking, analyse, labforsøk og ulike typar presentasjonar, i mange ulike fag.


Studiespesialisering gjev eit breitt  grunnlag for vidare studier. Alt etter kva  programområde og programfag du vel, vil du kunne oppnå generell studiekompetanse eller spesiell studiekompetanse.

Sjå video frå studiespesialiserande på KVV:
Vi tilbyr:

Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering.

På vg2 og vg3 kan du kan velje frå dei programfaga vi tilbyr under Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomi. Du kan og velje det valfrie programfaget breiddeidrett frå programområdet Idrettsfag.

Vg1 studiespesialiserande

På Vg1 studiespesialiserande er det flest fellesfag, dvs. fag i samla klasse. Men du har valet mellom to ulike typar matematikk (praktisk og teoretisk), og så skal du velje eit framandspråk i tillegg til engelsk.

Vi tilbyr:

  • Spansk 1 og 2
  • Tysk 2

Det språket du vel på vg1 må du òg ha på vg2. Om du ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen, må du ta spansk 1 og ha faget både på vg2 og vg3.

Vg2 studiespesialiserande

På vg2 vel du fordjuping innan to fag på ditt eige programområde. Det tredje fordjupingsfaget kan du velje frå andre programområde. I 18-20 timar i veka har du fag du har valt sjølv, medan berre norsk, historie og kroppsøving er fellesfag. Du kan velje frå desse programfaga:

Realfag:

  • Matematikk R1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Biologi 1 eller 2
  • Teknologi og forskingslære X

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 eller 2
  • Økonomistyring eller Økonomi og leiing
  • Sosiologi og sosialantroplogi eller Sosialkunnskap
  • Engelsk 1
  • Psykologi 1

Du skal ha same framandspråk som du hadde på vg1.
Du kan og velje breiddeidrett som valfritt programfag.

Vg3 studiespesialiserande

På vg3 fortset du med dei to programfaga du fordjupa deg i på vg2. I tillegg vel du eit tredje programfag. Du har 15-20 timar i veka programfag pluss fellesfag.

Realfag:

  • Matematikk R1 eller R2
  • Fysikk 1 eller 2
  • Kjemi 1 eller 2
  • Biologi 1 eller 2

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Entrepenørskap og bedriftsutvikling 1 eller 2
  • Økonomistyring eller Økonomi og leiing
  • Sosiologi og sosialantropologi eller Sosialkunnskap
  • Engelsk 1 eller 2
  • Psykologi 1 eller psykologi 2

Valfritt programfag: Breiddeidrett 1 eller 2. 

Obligatorisk/valfritt programfag: Spansk.

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du og informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. Har du ikkje bestemt deg, kan du få gode tips på utdanning.no