Me har 2 ungdomsbasar i Kvinnherad, Ungdomsbase Sør (Husnes) og Ungdomsbase Nord (Rosendal) Ungdommane kan gå på dei basane som dei ynskjer.
På basane har ein trygge vaksne som legg til rette for ein sosial møtestad for ungdommar frå 8.klasse og opp. Me har aktivitetstilbod som biljard, bordtennis, brettspel og mogleikar for matlaging.
Opningstider:
Måndag, torsdag og søndag: Ope for alle ungdommar
(Frå 8-klasse og oppover. Tida etter kl.21.00 ynskjer me skal vera særleg for dei eldste ungdommane våre.)
Onsdag: Ope for dei eldre ungdommane (VGS-alder og unge vaksne)