Teknologi- og industrifag

Mekanisk arbeid av elev

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknikk og industriell produksjon (TIF)?

Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeide med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIF noko for deg.

Du mellom anna bli:

  • CNC-operatør
  • Sveisar
  • Platearbeidar
  • Industrimontør
  • Industrirøyrleggjar
  • Faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
Sjå video frå teknikk og industriell produksjon ved KVV:
Vi tilbyr:
  • Vg1 Teknologi- og industrifag (TIF)
  • Vg2 Industriteknologi 
  • Vg2 Kjemiprosess- og laboratoriefag

På KVV vil du få opplæring i eit stort og moderne verkstadlokale, og du får ei spanande undervisning med veksling mellom praksis og teori.

Bedrifter kjem til oss for å dele sin kunnskap – og du får prøve deg på ein ordentleg arbeidsplass. Folk som har denne kombinasjonen på skulen er det etterspurnad etter i mange bransjar.

Dei ulike fagvala på TIF  finn du på vilbli.no

Vg1 teknologi- og  industrifag (TIF)

På vg1 har vi fylgjande programfag:

  • Konstruksjons- og styringsteknikk
  • Produksjon og tenester
  • Produktivitet og kvalitetsstyring
  • Yrkesfagleg fordjupning


Desse faga gjev deg ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring. Slik får du ei brei plattform for vidare yrkesval.

Vg2 industriteknologi 

Har du praktisk sans, godt handlag og er nøyaktig?
Om du i tillegg er god på å samarbeide og samtidig sjølvstendig kan dette vere noko for deg, viss du er interessert i ny teknologi.

Utdanningsprogrammet fører fram til diverse yrke innan:

  • teknisk industri
  • skipsindustri
  • teknoindustri
  • bilindustri
  • kjemisk prosessindustri og i oljebransjen


Helse, miljø og tryggleik står sentralt i desse yrka. Det å arbeide etter prosedyrer og teikningar, og med registrering og dokumentasjon, er svært viktig her.

Vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag

Programfaga i kjemiprosessfaget skal gje deg ei praktisk og variert opplæring innan kjemiske og metallurgiske produksjonsmetodar. Gjennom programfaget vil du få utvida prosessforståing, kostnads- og miljøforståing. I tillegg øver du opp evna til kritisk vurdering og problemløysing.

Praktisk arbeid saman med andre vil stimulera til respekt, toleranse, likeverd, samarbeid og kommunikasjon.

Opplæringa tek sikte på at du skal lære å arbeide sjølvstendig etter prosedyrar og standardar, få ei positiv haldning til HMT- arbeid, rapportere feil og avvik og få ei god oppleving av toleranse, menneskeverd og arbeidsmoral. Opplæringa skal gje deg praktiske dugleikar ved hjelp av forsøk, arbeid i verkstad, laboratorium og prosesshall.

Vegen vidare

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling.  Læreplass søker du på vigo.no