Hopp til hovedinnhold

1. Skuleutvalet og skulemiljøutvalet.

Ved Kvinnherad vgs har vi valt løysinga med at skulemiljøutvalet også er skuleutval, jf Opplæringslova:Skuleåret 2021-22 sit desse i Skulemiljøutvalet/ skuleutvalet:

- Gry Hege Grønningen (rektor, repr. for Vestland fylke)
- Hilde Svalbjørg (ass. rektor, repr. for leiinga ved KVV)
- Dag Sigurd Gregersen (elevrettleiar, repr. for tilsette)
- Maud Celia Tveitnes Førland (elevrepr., elevrådsleiar)
- Linnea Eide Rusten (elevrepr., nestleiar elevråd)
- Solfinn Øysteinsson Kolle (elevrepr)
- Mathilde Bjørndebøle Ersland (elevrepr. skrivar)

Skuleutval og skulemiljøutval frå Opplæringslova

Opplæringslova 11-5. Skoleutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen og to representantar valde av elevrådet. Rektor ved skolen skal vere representant for fylkeskommunen. 
Skoleutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

11-5a.Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal. 

Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal. 

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.​1