Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til foreldremøte ved KVV, tysdag 14.02.2023

Tysdag 14.02.2023, kl.18:00, inviterer vi til foreldre-/føresettmøte til vg1, vg2 og vg3

Her finn du heile programmet for kvelden.

Innhald

Det vert ei fellesøkt i kantina, så ei klassevis økt.

Tema på fellesøkta: (18- ca. 19):

  • Korleis går det med elevane på KVV? Rektor presenterer kort resultata frå elevundersøkinga
  • Russ, utenforskap/inkludering?

Planlegging av russetida startar tidleg, alt på vg1. Dette får stort fokus hos enkelte elevar. Kommersielle aktørar pressar på og påverkar til oppretting av russegrupper, noko som kan skapa utenforskap. Russetida kan og bli ei økonomisk utfordring.

  • VIP-Snakk med oss? Presentasjon av undervisningsopplegg om psykisk helse
  • Prosjekt inkluderande praksis. Presentasjon av prosjektet.
  • Eksamen: Informasjon om eksamensperioden. Grunna pandemien har ikkje elevgruppa vår erfaring med eksamen. Korleis førebu dei på ein god måte?
  • Informasjon om innsøking til neste skuleår.

Tema på klassevis økt: (ca. 19:00 – ca. 20:00)

  • læringsmiljøet i klassen
  • fagval og tilbod neste skuleår,
  • fråversreglar som gjeld no
  • elev- og føresettesamtalar i vår,
  • evt. ekskursjonar og tilbakemeldingar frå dykk til oss.

 

Hjarteleg velkomne!