Ved Kvinnherad vidaregåande skule arbeider vi med karriererettleiing i eit livslangt perspektiv. Karrierelæring hos oss tek utgangspunkt i dei nasjonale karriereknappane.
Målet er du som elev skal utvikle god karrierekompetanse: ein kompetanse som set deg i stand til å handtere din karriere, også i forandringar og overgangar. Livsmestring, valkompetanse, medverknad og kritisk tenking er viktige tema.
Gjennom skuleåret møter elevane karriererlæring og karriererettleiing på ulike måtar. Ei oversikt over alle aktivitetane finn du i årshjulet og elevkalenderen på Outlook. Alle elevar ved skulen har og tilgong til Teams som digital kommunikasjonsplattform. I teamet KVI-elevar finn dei informasjon om utdanning, yrke og karrieremoglegheitar. Her vert det lagt ut informasjon gjennom heile skuleåret.
Rådgjevarane våre
Har du behov for støt
Ta kontakt
Du treff rådjevarane ved elevtenestane kvar dag. Viss du vil avtale tid for ein samtale, send ei melding på e-post eller Teams.
Heidi Sjursen Vimme
Rådgjevar/ karriererettleiar