Hopp til hovedinnhold

Elevundersøkinga 25/26

I perioden 30.10- 12.11 gjennomfører KVV elevundersøkinga. Kva er formålet med Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga gjer elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skulen, skuleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane.